Oppfinnarprisen for Hordaland 2014 går til Ivar Ole Wik i Wik Gruppen AS for oppfinninga Liftroller. Den løyser problemet i byggjebransjen med å få varer inn i hus, gjennom vindauge og opp trapper.

Fylkesordførar Tom-Christer Nilsen delte ut prisen på Hordaland fylkesting i Terminus Hall i Bergen. Den er på 100.000 kroner. – Det er ei store ære å vere nominert og få prisen. Neste år håpar vi å tene pengar. Til no har vi berre hatt utgifter, seier Ivar Ole Wik. I februar neste år blir oppfinninga Liftroller lan-sert. Bakgrunn for oppfinninga er at arbeidsfolk blir utsett for risiko og slitasje når materiale og varer blir løfta gjennom vindauge med kran eller når varer skal opp mange trappesteg. Både trapperom og vindauge kan ofte få fysiske skader. Liftroller er eit rullande «stupebrett» som kan monterast i vindaugeopningar utan å skade vindauge. Varer blir heist opp på brettet frå ei kran og kan rullast forsiktig inn i bygget. Dette gjer lossinga av varer sikrare, raskare og med mindre risiko for skade på folk og bygningar. Liftroller er patentert og varemerkebeskytta i Noreg, samt i ei rekke europeiske land.

Fylkesordførar Tom-Christer Nilsen deler ut heiderleg omtale, diplom og blomster til Erik Michalsen (f.v.), Øystein Flatebø, Finn-Ove Carlsen i Labruspharma AS, dr. Ole Brix i Luzmon Medical AS og dr. Peter Thomas i Christian Michelsen Research AS for oppfinninga Psoria Lyspad, som med lys skal gje god behandling til personar med psoriasisutslett og lindre kløe og smertar frå sår.

I tillegg til oppfinnarprisen har juryen valt å dele ut heiderleg omtale til to oppfinnarteam. Den eine heiderleg omtalen går til Labruspharma AS, for oppfinninga Psoria Lyspad, som skal hindre spreiing av psoriasisutslett og lindre kløe og smertar frå sår. God behandling av psoriasis er behandling med lys. Pasienten må då inn på sjukehuset for å få denne behandlinga. I nokre tilfelle må pasienten reise til sjukehuset fleire gonger i veka. Reisinga tek tid og kostar pengar. Om Psoria Lyspad blir tilgjengeleg for pasientar, vil dei kunne behandle seg sjølve heime. Bak oppfinninga står oppfinnarteamet Erik Michalsen, Øystein Flatebø, Finn-Ove Carlsen, dr. Ole Brix og dr. Peter James Thomas.